Overgang til ny løysing for varainnkalling
25.02.2026
Vi fasar ut Kaukus, og går no over til Acos forfallshandtering og varainnkalling. Forfallshandteringa og varainnkallinga skjer no via Møteportalen, både for faste medlemer og varamedlemer. Her kjem ei enkel rettleiing.
Det vert sendt ut ein e-post og tekstmelding til dei faste kontrollutvalsmedlemene ei veke før møtedato. Avsendar vil stå som "VESTKONTRL". Dersom medlem må melde forfall til møtet fungerer løysinga slik (likt for både faste medlemer og varamedlemer):
Fast medlem loggar inn i Møteportalen for å melde forfall (eigen knapp oppe til høgre) og vel fråværstype.
Automatisk innkalling av varamedlem vert iverksatt i samsvar med vara-liste, og det vert sendt SMS-varsling til aktuelt varamedlem.
Dersom varamedlem ikkje kan møte, må vedkomande tilsvarande logge inn og melde forfall i Møteportalen som vist på bildet i punkt 1, og neste på varamedlemslista får SMS-varsling. Kan du møte treng du ikkje å gjere noko anna enn å møte opp.
Dersom det ikkje er fleire varamedlemer å velge i lista, sendast det SMS-varsling til møtesekretær.
Merk:
Der varamedlem tidlegare kunne svare ja/nei på SMS vil ikkje dette lenger vere mogleg. Alt forfall må meldast i Møteportalen.
Vi minner om at de finn eit eige meny-punkt på nettsida vår med den mest vesentlege informasjonen for Medlemar i kontrollutvalet.
Ta kontakt med sekretariatet dersom du har spørsmål.