ISO 9001:2025 - sertifisering
Vi har gjort det enklare å finne fram på nettsida vår – med nye kommunesider og eit eige område med praktisk informasjon for kontrollutvalsmedlemmar.
Samtidig har vi nådd ei viktig milepæl: Vest kontroll er nyleg sertifisert etter ISO 9001-standarden. Les meir om kva dette betyr, og kva som er nytt hos oss.
15. mai fekk vi utstedt sertifikat etter kvalitetsstandarden ISO 9001:2015.
Sertifiseringsrevisjonen vart gjennomført av Kiwa i mai, og stadfesta at selskapet har eit velfungerande kvalitetsstyringssystem som oppfyller krava i standarden.
ISO 9001 byggjer på prinsipp som kundefokus, tydeleg leiarskap, involvering av medarbeidarar og kontinuerleg forbetring. Standarden legg også vekt på risikobasert tenking, gode prosessar og systematisk oppfølging av resultat.
Sertifiseringa er eit viktig kvalitetsstempel som viser at Vest kontroll arbeider strukturert og målretta med kvalitet, forbetring og pålitelege leveransar til kundar og eigarar. Den styrkjer arbeidet med gode rutinar, tydeleg dokumentasjon og vidare utvikling av verksemda.