Vest kontroll KO takkar for samarbeidet i året som har gått!

- eit glimt av juletreskogen på Åheim, på heimveg etter kontrollutvalsmøte i desember.

20.12.2025

Nok eit år med kontrollaktivitetar er over og med det er vi over halvvegs i inneverande periode.

Alle kommunane har no vedteke revidert reglement for kontrollutvalet og rettleiar for gjennomføring av møta. I tillegg har alle fått framlagt informasjonssaker om selskapa som kommunen har eigarinteresser i. Desse informasjonssakene vil vere god førebuing til arbeidet med revidering av plan for forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll.

Vest kontroll samarbeidar med omliggande sekretariat. I 2025 har vi arrangert felles fagdag for kontrollutvalsleiarar i Møre og Romsdal, og fleire av våre kontrollutval var representert på kontrollutvalsdagen på Skei i september. 

Vi har starta arbeidet med ISO 9001-sertifisering av selskapet, og som eit ledd i kvalitetsarbeidet er det utarbeidd eitt innblikk i arbeidet vårt. Det ligg tilgjengeleg på nettsida vår og viser til ei kvar tid status i dei ulike kontrollaktivitetene.

Eit innblikk i kva som har dominert saklistene i 2025:

  • Hareid kontrollutval fekk eit varsel, og etter innstilling til kommunestyret om tilrådd oppfølging fekk kontrollutvalet utført ei undersøking. Rapporten blei handsama i kommunestyret, med ein del oppfølgingspunkt - som kontrollutvalet har eit auge med på. I tillegg har kontrollutvalet systematisk fått informasjon om internkontroll og kvalitetssikring i alle sektorane - i lys av at kommunen er på ROBEK.

  • Herøy kontrollutval hatt ein del orienteringar om kommunen sin økonomiske situasjon og i 2025 blei Herøy meldt inn i ROBEK. Eit møte var lagt til kommunen sitt nye kjøkken, kontrollutvalet fekk då innblikk i korleis kommunen hadde løyst tidlegare avvik frå Arbeidstilsynet, og i tillegg Kofa-sak som kom i kjølevatnet av investeringa.

  • Sande kontrollutval har fått orienteringar frå administrasjonen, mellom anna om prosjektstyring, økonomisk status og innmelding til ROBEK. Den bestilte forvaltningsrevisjonen av "rekruttering og sjukefråver innan helse og omsorg" er noko forseinka men er venta å bli lagt fram for kontrollutvalet like over nyttår. 

  • Stad kontrollutval har fått informasjon om at kommunen er meldt inn i ROBEK og korleis det pregar drifta. Det har både vore orientering om investeringsprosjekt og handsaming av rapportar etter ferdigstilte investeringsprosjekt - i henhald til kommunen sitt reglement. Forvaltningsrevisjon beredskap/IKT vart oversendt til kommunestyret og det er no vurdert eit nytt prosjekt knytt til hamneforvaltninga/kommunal tilrettelegging for cruisetrafikk.

  • Kinn kontrollutval har fått framlagt rapport etter forvaltningsrevisjon av investeringsprosjekt, og har i tillegg bestilt ei undersøking frå revisjonen knytt rekneskapsprinsippa i kommunalt føretak. Der vil kontrollutvalet ha ei vidare oppfølging. Kontrollutvalet hadde omvisning på ny brannstasjon i Måløy, og fekk innblikk i erfaring frå byggeprosjektet.

  • Ulstein kontrollutval har hatt oppfølging av tiltak etter forvaltningsrevisjonen "sakshandsamingetterleving av gjeldande rutiner og prosedyrer innan helse og omsorg", samt bestilt nytt forvaltningsprosjekt innan «Oppvekst - mobbing, retter og dimensjonering». Prosjektet er venta å bli lagt fram for kontrollutvalet i løpet av våren 2026.

  • Vanylven kontrollutval har hatt oppfølging av forvaltningsrevisjonen "Mobbing og aktivitetsplikt i skulen", der det i etterkant også var gjennomført eit tilsvarande tilsyn frå Statsforvaltaren. No pågår ein forvaltningsrevisjon innan forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg.

  • Volda kontrollutval bestilte i 2024 forvaltningsrevisjon innan "sakshandsaming helse og omsorg". Denne er noko forseinka, men er venta å bli levert over nyttår. Der har og fått fleire orienteringar frå administrasjonen, mellom anna frå Volda Utvikling AS om Aasen-kvartalet.

  • Ørsta kontrollutval har hatt ein del orienteringar frå administrasjonen, knytt til ulike saker som har vore tatt opp. Kontrollutvalet bad om eiga orientering om prosess rundt rekruttering av ny kommunedirektør. Rapport etter forvaltningsrevisjon av internkontroll er venta på nyåret.

Med ynskje om ei god jul og eit vidare godt samarbeid,

for eit tillitsskapande, spørjande og innhaldsrikt nytt år!

– frå Ane og Ida

Forrige
Forrige

Overgang til ny løysing for varainnkalling

Neste
Neste

Kontrollutvalsdagen på Skei 2025