Kontrollutvalsdagen på Skei 2025
Anne Karin Femanger Pettersen frå FKT // Ane Nygård frå Vest kontroll // Per Magne Bell frå Sunnfjord kontrollutval
Fagdagen vart arrangert i samarbeid mellom Vest kontroll, Sekom, FKT og NKRF. Målgruppa var kontrollutvala i kommunane frå Hareid i nord til Gulen i sør.
Ane Nygård frå Vest kontroll opna dagen under overskrifta «Frå erfaring til framtid», og utfordra forsamlinga på eigne forventningar. Det som starta som ønske om læring og erfaringsutveksling, kunne kvitterast ut med å ha fått meir ballast innan tema som berekraft, samarbeid og aktuelle problemstillingar for eigne utval.
Per Magne Bell, leiar for kontrollutvalet i Sunnfjord kommune, delte refleksjonar frå rolla si så langt i perioden. Han påpeikte at ein nærast burde vere ein «passiv lokalpolitikar» for å stille til kontrollutvalet – om slike finst. Nye medlemer vert ofte overvelda av ukjende omgrep og funksjonar som sekretariat og revisjon. Gjennom godt samarbeid med sekretariatet får utvalet likevel den oversikta dei treng, sjølv om dei ikkje kan vere like sterke på alle saksfelt.
Arnar Helgheim frå Sekom følgde opp med innspel frå sekretariatet sitt perspektiv. Han understreka at ein god start er avgjerande: relasjonsbygging og planarbeid må kome tidleg i gang. Kontrollutvalsplanen – med forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll – er utvalet sitt viktigaste verktøy, og prioriteringane må baserast på risiko- og vesentlegheitsvurderingar. Sekretariatet ønskjer å legge til rette for aktive utval, men peika på at initiativ og engasjement må kome frå utvalet sjølv.
Anne Karin Femanger frå FKT tok utgangspunkt i kontrolltrappa og viste korleis orienteringssaker kan nyttast til å handtere tema som ikkje er lagt inn i plan for forvaltningsrevisjon. Slike saker kan bygge på rest-ROV, økonomiforvaltning, mediesaker eller statlege tilsynsrapportar. Ho peika òg på nøkkeltal, vedlikehald og revisjonsvurderingar som viktige inngangar. Kontrollutvala kan dessutan stille spørsmål om rutinar og praksis innan felt som innsyn og sårbare grupper.
Etter lunsj – som gav rom for nettverksbygging på tvers av kommunane – stod framtidsretta tema på agendaen. Ellen Lange frå NKRF tok opp berekraft og kunstig intelligens frå eit kontrollperspektiv.
Ho framheva at berekraft bør vere eit gjennomgåande perspektiv i kommunal verksemd og i dei spørsmåla kontrollutvala stiller. Forsamlinga reflekterte over korleis berekraft kunne vere aktuelt i eigen kommune – frå arealforvaltning og turisme til økonomi og menneskelege ressursar. Når det gjeld kunstig intelligens, understreka Lange at dette er eit verktøy, ikkje eit mål i seg sjølv. Kommunane må sikre kvaliteten i bruken, og kontrollutvala kan utfordre på om teknologien vert nytta på ein god og målretta måte.
Dagen vart avrunda med eit innlegg frå Anders Skipenes, kommunedirektør i Gloppen. Med lang erfaring som kommunedirektør delte han refleksjonar om å styre ein kommune i tronge tider. Gloppen har mange styrkar, men står òg overfor utfordringar knytt til demografi, geografi og eit aukande gap mellom oppgåver og økonomiske rammer. Han understreka at endring og omstilling er nødvendige, og at godt samarbeid mellom politisk og administrativ leiing – basert på tillit – er avgjerande for å sikre økonomisk kontroll. Skipenes oppsummerte med ei enkel «oppskrift»: lite magi, mykje hardt lagarbeid.