Sommarhelsing 2026

Vi har gjort det enklare å finne fram på nettsida vår – med nye kommunesider og eit eige område med praktisk informasjon for kontrollutvalsmedlemmar.

Samtidig har vi nådd ei viktig milepæl: Vest kontroll er nyleg sertifisert etter ISO 9001-standarden.

Les meir om kva dette betyr, og kva som er nytt hos oss.

15. mai fekk vi utstedt sertifikat etter kvalitetsstandarden ISO 9001:2015. Sertifiseringsrevisjonen vart gjennomført av Kiwa i mai, og stadfesta at selskapet har eit velfungerande kvalitetsstyringssystem som oppfyller krava i standarden.

ISO 9001 byggjer på prinsipp som kundefokus, tydeleg leiarskap, involvering av medarbeidarar og kontinuerleg forbetring. Standarden legg også vekt på risikobasert tenking, gode prosessar og systematisk oppfølging av resultat.

Sertifiseringa er eit viktig kvalitetsstempel som viser at Vest kontroll arbeider strukturert og målretta med kvalitet, forbetring og pålitelege leveransar til kundar og eigarar. Den styrkjer arbeidet med gode rutinar, tydeleg dokumentasjon og vidare utvikling av verksemda.

24. august arrangerer vi fagdag i Molde!

Fagdagen er i samarbeid med dei andre sekretariata i Møre og Romsdal - og er ein møteplass for fagleg påfyll, erfaringsutveksling og refleksjon kring kontrollutvalet si rolle og oppgåver i kommunane.

På nettsida vår er det no oppdaterte kommunesider, der vi har samla sentrale dokument og relevant informasjon knytt til dei enkelte kontrollutvala. Målet er å gjere det enklare å finne fram og få oversikt.

Med ynskje om fine, solfylte dagar, god sommar!

 

- Ane og Ida

Har du forresten sett..?

På nettsida har vi eit eige område med all praktisk informasjon du treng som kontrollutvalsmedlem. Ta gjerne kontakt med oss om det er noko du saknar der eller ikkje finn svar på.

Neste
Neste

Nye kommunesider