Frå refleksjon til handling

Oppsummering av kontrollutvalsdagen i Molde 24. august 2026



 

Korleis held kommunen kontroll når oppgåver blir flytta ut i interkommunale samarbeid? Korleis kan forvaltningsrevisjon føre til læring og forbetring? Og kva rolle har kontrollutvalet når kommunen skal følgje opp statlege tilsyn?

Dette var sentrale spørsmål på kontrollutvalsdagen i Molde 24. august. Innlegga blei supplerte med ei kartlegging blant deltakarane om erfaringar, utfordringar og prioriteringar i kontrollutvalsarbeidet. 

 

Kontroll når oppgåvene blir flytta ut

Kontrollsjef Bjørn Tømmerdal opna dagen med Terra-saka som bakteppe. Saka illustrerer utfordringane som kan oppstå når folkevalde skal ta stilling til komplekse spørsmål om økonomi, risiko, kompetanse og eigarstyring.

Kommunedirektør i Kristiansund, Arne Ingebrigtsen, tok dette vidare gjennom spørsmålet om oppfølging av interkommunale samarbeid. Når tenester blir flytta ut av kommunen si eiga linje, blir den direkte kontrollen redusert. Det må bli erstatta av gode avtalar, rapportering, eigarstyring og systematisk oppfølging.

Han utfordra salen: Får interkommunale samarbeid nok merksemd når alt ser ut til å fungere – «out of sight, out of mind»?

Deltakarane sine tilbakemeldingar viser at dette også er ei utfordring for kontrollutvala. Fleirtalet svara at dei ikkje var heilt trygge på kontrollutvalet si rolle i oppfølginga av interkommunale samarbeid. Manglande informasjon og innsyn, komplekse organisasjonsformer og uklare ansvarslinjer blei trekte fram som utfordringar. 

 

Forvaltningsrevisjon skal føre til forbetring

Bente Brun frå Ålesund kontrollutval tok opp korleis forvaltningsrevisjon kan bli eit reelt forbetringsverktøy. Gode og forståelege rapportar er viktige, men val av prosjekt må også ta utgangspunkt i risiko og vesentlegheit.

Solveig Kvamme frå Sunnmøre kontrollutvalssekretariat viste korleis innspel frå tilsette kan gi grunnlag for nye undersøkingar. Førespurnader til enkeltmedlemmer bør samtidig handterast gjennom sekretariatet og vurderast av kontrollutvalet som organ.

Målet med forvaltningsrevisjon er ikkje berre å finne avvik, men å bidra til læring og betre tenester. Deltakarane peika sjølve på oppfølging, relevante tema, forståelege rapportar, tydelege konklusjonar og eigarskap i administrasjonen som viktige føresetnader for å få dette til. 

 

Kva skjer etter tilsynet?

Trygve Winther-Hjelm frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tok føre seg kommunal beredskap og kontrollutvalet si rolle ved oppfølging av statlege tilsyn.

Eit meir komplekst trussel- og risikobilete stiller større krav til kommunane si beredskaps- og kontinuitetsplanlegging. Kommunane må kunne oppretthalde viktige tenester også under langvarige og krevjande hendingar.

Statsforvaltaren sitt tilsyn kan avsluttast når kommunen har gjort greie for korleis avvik skal lukkast. For kontrollutvalet oppstår då eit interessant spørsmål: Gjer kommunen faktisk det dei har sagt at dei skal gjere?

Kartlegginga viste at rolla ikkje er heilt tydeleg for alle. Deltakarane trekte særleg fram behovet for å følgje med på om avvik blir lukka og tiltak faktisk gjennomførte. 

 

Eigarskap krev aktiv oppfølging

Fylkesordførar Anders Riise avslutta dagen med fylkeskommunen sitt arbeid med eigarstyring. På halvanna år er talet på eigarinteresser redusert frå 63 til 36. Det er etablert eit eige eigarskapsutval, stramma inn på representasjonen i generalforsamlingar og sett av administrative ressursar til systematisk eigarskapsoppfølging.

Erfaringa illustrerer eit sentralt poeng frå dagen: Det kan vere enkelt å gå inn i eit selskap, men langt meir krevjande å halde oversikt og kontroll over eigarskapen over tid. Kontrollutvalet var med på å initiere arbeidet og kan gjennom kontrollaktivitetane bidra til å løfte enkeltsaker til større systemutfordringar.

 

Frå kontroll til handling

Tilbakemeldinga elles viser at deltakarane generelt har tru på kontrollutvalsordninga. Eit fleirtal meiner kontrollutvalet fungerer godt i stor eller svært stor grad, og arbeidet blir omtalt som mellom anna interessant, lærerikt og nyttig. 

Samtidig er bodskapen om vidare prioriteringar tydeleg. Oppfølging av tidlegare vedtak og tilrådingar blei rangert høgast, etterfølgt av å prioritere dei største risikoområda. På spørsmål om kva kontrollutvalet treng frå kommunestyret eller fylkestinget, var tillit det mest framtredande svaret.

Evalueringa av fagdagen var også positiv. Innlegga blei omtala som relevante, lærerike og interessante.

 

 

Den raude tråden gjennom dagen var oppfølging: Kontrollarbeidet får først verdi når funn, vedtak og tilrådingar blir følgde opp og fører til læring, forbetring og handling.

Neste
Neste

Sommarhelsing 2026